NM i Sandvolleyball

NM Sandvolleyball
6 lag med spelarar frå Rossvoll deltok i junior Nm i Sandvolleyball i Kristiansand denne veka.  
Monika Femsteinvik Stakseng frå Rossvoll og makker Julie Søreide Hansen fra Gneist vann alle sine kampar heilt fram til finalen i  u 15 klassa.
Dei sørga for sølvmedalje og einaste palleplass frå Rossvoll denne veka . Det var 14 lag med i denne gruppa.
 
I U 19 gutteklassa vart alle dei tre guttelaga nr.2 i kvart sitt gruppespill. Dei vann alle sekstendedelsfinalane men tapte åttandedelsfinalane.
Dermed vart det spel om 9. til 16. plass.
Her tok  Martin Sundvor og Torjus Tuftein god 10.plass, Isak Haugen og Torbjørn Stakseng tok 11.plass
medan Johannes Helland - Hansen og Jon Bjarne Kvåle Istad frå Strandvik / Tønsberg vbk tok 12.plass.
I u19 gutaklassen var det 28 lag med i alt.

På jentesida var det 36 lag med og der vart og dei to laga frå Rossvoll på andreplass i kvart sitt gruppespel.
Anja Solberg og Rebekka Eikeland frå Strand Ulv tapte sin sekstendedelsfinale og kjempa vidare om 16. til 32. plass .
Dei endte  på ein god 17.plass.
Det same gjorde Hanna Sagen Tholo og Renate Lie Opsahl og dei endte opp med ein 27.plass.

Det har vore ei opplevelsesrik veke frå 25.-29. juli i Kristiansand med tøffe kampar og godt vennskap og møte mellom landest ivrigaste sandvolleyball spelarar med foreldre. Denne veka står nm u17 og nm u 21 for tur med nye Rossvoll lag som vil tevle om medaljane.